top of page

den spede byrjinga

Heldigvis er vi fleire. Vi har slekt, vener, bygdefolk og kontakter. Og vi har dei digitale nomadane i Moritsgarden.

I tillegg er Moritsgarden med i fylkeskommunen sitt prosjekt for digitale Nomadar, EDIN, og også den fylkeskommunale satsinga Cowork på Bygda. 

​

Verdiskulen er likevel ei frittståande eining, men dei digitale nomadane har vist stor interesse, og har vore flinke å gje oss idear og hjelp.

An inventor woman in her fifties with brown hair, a technician and a museum man with medie

vi som har starta

For tredje året på rad har vi kunna helse Digitale Nomadar velkomne til Bjørkedalen. I 2025 har det så langt vore nær 40 nomadar frå alle verdsdelar i Moritsgarden. Dei har vore her mellom ein og seks månader, Og dei kan knapt vente med at Verdiskulen skal opne, derfor har dei også lagt ned mykje frivilliig arbeid og kunnskap og idear. For berre med Verdiskulen kan dei verkeleg kome i kontakt med lokalmiljøet, Dei har og mykjke å tilby til lokal ungdom både med å kome saman, men også med kunnskapar dei eig innan IT, design, marknadsføring og alt som gjer at ein kan vere på evig reise ved hjelp av internett. 

Anne Bjørkedal

ide

Nokon må ha dei galne ideane. Vi fekk Bjørkedal skule vederlagsfritt av Volda kommune, og det forpliktar. Ting tek tid, men undervegs utkrystalliserer det smarte seg. Har laga eit stort nettverk med digitale nomader frå heile verda 

Jozsef Kabai

utførande 

Alt som heiter praktisk tenkjing og utføring, Jozsef veit svaret, og korleis ein må gjere det. Allvitar i elektronikk, data, og stort sett det meste. 

Har og eit langt yrkesliv som scene lyd lys og teknikk på det berømte Madach teateret i Budapest. 

Arve Yndestad

styreformann

Viking, høvding, keramiker og klippe. Arve og Margit flytte til Bjørkedalen for nokre år sidan, og med erfaringa deira frå middelalderliv og Arves 30 år på Sunnmøre Museum, er verdiane i bygda i kunnskapsrike hender.

bottom of page