top of page

Verdiskulen i Bjørkedalen

saman på tvers - ein møtestad

6964B9F8-AFA3-4728-BA91-AD75E8C4411F_edited.jpg

respekt for fortida, og med nye auge inn i framtida

Å kome saman, å skape nettverk og inspirasjon, og å utvikle oss inn i framtida i staden for å stagnere. 

Samstundes er den gamle bondekulturen som kan verke stagnert nettopp dei verdiane vi ser at andre etterkvart også set pris på. 

Verdiskulen er ein ny måte å tenkje bygdeutvikling. Små attgløymde bygder kan ikkje konkurrere med byane og tettstadene med å skape økonomisk vekst, men verda i dag ser også verdien i andre typar vekst og trivsel. 

I'm a paragraph. Click here to add your own text and edit me. It's easy.

retro båtdraging

Bjørkedalen har vore båtbyggjarane si bygd med tusen år lange tradisjonar. Ein lærer noko då -om samhald, samarbeid og det å måtte hjelpast åt for å få til noko. I dag er det byggjinga av vikingskipskopiar og seinast Myklebustskipet og Sagastad som har gjort at verdiane i bygda har blitt henta fram i dagen. Men vi har også mange usynlege verdiar å bli klar over på nytt. Først og fremst er arbeidet mot einsemd, at ungdomen må få treffast og at ein ikkje berre kan samle på likesinna menneske, det Verdiskulen skal arbeide for. 

Verdiskulen er den gamle skulen i Bjørkedalen. Anne Bjørkedal har fått skulen vederlagfritt av Volda kommune, og har laga aksjeselskap for å kunne oppgradere bygninga. Bygdelagsforeininga er bruken av skulen. 

​

Bygder somnar stille inn.

Eit problem over heile Europa . Vi lever på minna, og sit på enorme verdiar om korleis skape fellesskap. Men fellesskapen raknar likevel.

​​​

Dette paradokset kjem mykje av ein langsiktig sentraliseringspolitikk. Men i staden for å gå i klinsj med denne, vil vi heller spele med nye kort. Om vi igjen kan skape levande samfunn, vil vi trekkje til oss menneske, bli stolte på nytt, inspirerte og skape initiativ.​​ 

EDIN (European Digital Nomads) skal tiltrekke digitale nomadar til Møre og Romsdal

EDIN er eit Interreg Europe-prosjekt delfinansiert av EU som arbeider for å tilrettelegge for digitale nomadar i rurale europeiske regionar. Møre og Romsdal fylkeskommune er partnar i prosjektet, der dei samarbeider med andre regionar for å utvikle politikk som gjer regionane våre attraktive for folk som kan jobbe frå kvar som helst, og som kombinerer arbeidsliv med turistopplevingar.  Moritsgarden og prosjektet med Verdiskulen i Bjørkedalen er invitert inn som Bestepraksis eksempel og aktiv deltakar i dette europeiske prosjektet.

mmm
edin
voldakomm
tussa
edin2

Takk til Volda kommune for Bjørkedal Skule.

Og Kraftfondet i kommunen for støtte til innkjøp av datautstyr og produktutvikling

Takk til Møre og Romsdal Fylkeskommune for støtte til å utvikle Moritsgarden gjennom prosjektet Cowork på Bygda

Takk til Tussa kraft for pengestøtte

bottom of page