prosjektet
Dersom menneske ikkje møtast uformelt lenger, vil ein etter ei stund berre lytte til si eiga røyst, studere sitt eige spegelbilete gjennom tilpassa vener og samarbeidspartnerar.
Å møtast på tvers, med respekt, folkeskikk og nedervd kunnskap om kor viktig dette er for å utvikle seg, halde seg levande og å overleve, det er denne verdien Bjørkedalen ber med seg, og som er i ferd med å forsvinne her også, som overalt.
Teknologien kan få skulda, men no inviterer vi teknologien inn, samstundes som vi bruker den til å halde oppe dei gamle verdiane om fellesskap og samfunn.
sjølvbetjent kafe
Berre det å ha ein uformell møteplass i ei bygd, er vere eller ikkje vere. Lagsarbeid og organiserte aktivitetar er vel og bra, men dei uformelle møteplassane er der alle kan finne seg til rette. Med bokhyller, god kaffi og litt å bite i

samlingsrom
Den flotte gymnastikksalen med tregolv og ribbeveggar har fått lydisolerande plater i tak og endevegg. Lystette lydgardiner frå tak til golv kan gjere rommet om til eit flott seminarrom med enorm storskjerm over endeveggen og kraftige projektorar. Større events, møte og kick off før fjellturar. Eller eit lite foredrag om båtbyggjartradisjonar i Bjørkedalen og verdiar vi hadde gløymt. For ungdomen kan dette romet brukast til gaming eller film, og i det daglege vert det ei forlenging av den sjølvbetjente kafeen.

cowork på bygda
Det var slik det starta, med tilskott frå Fylkeskommunen til cowork på bygda. Moritsgarden var det einaste prosjektet som ikkje berre laga cowork, men også coliving og dermed laga det første senteret for digitale nomader i heile Noreg, etter at Arctic Lodge la ned. I Verdiskulen vert det derimot coworklokale meir slik vi kjenner dei. Men vi legg meir vekt på nettverksbyggjinga ikkje mellom profesjonar med tanke på skalering og vekst, men for å skape relasjonar, sosialt lim og nyttige nettverk på bygda. Og sjølvsagt vil to fantastiske coworkrom som tidlegare var klasserom, også skape økonomisk vekst og samarbeid. Jamvel også framtidige arbeidsplassar med inspirasjonen som kjem når menneske med ulik ståstad og nettverk treffest og blir inspirerte saman.

omsaum
Skulekjøkenet i tredje etasje får behalde kjøkenbenkene om vi finn ut vi vil bake lefser til jul. Saman. Men her skal det bli stort klippebord, symaskiner, og alt ein treng for å skape og omskape. På gangen utanfor blir ein stoffbutikk der ein kan velje og vrake i gjenbrukstekstilar. Du betaler ein kilopris for det du tek med deg ut. Og får ingen ting for det du leverer inn. Vi har og fått tak i tre flotte gamle vevstolar, så også filleryer i fellesskap er ein tanke som svevar. Og heldigvis har vi enno kvinner i bygda som kan å renne vevstolane og har vore og sett på prosjektet og godkjent det. Kristin Elise Halkjelsvik er i slekt Moritsgarden og vi har i fleire år drøymt om samarbeid, no har vi snart ein stad å invitere henne til. Makeløs, Kristin Elise Halkjelsvik

omstartsrom
Det heiter også yogarom, meditasjonsrom, avslappingsrom eller kva ein vil. Skulebiblioteket vert til eit rom der ein kan sitje i stillheit, lade batteria, tenkje ut idear eller meditere. Her kan og vere meditasjonssamlingar og små kurs i helse og velvære.
Varme fargar, vakre vindauge, vakker utsikt og utstyr til meditasjon og yoga. Spesielt dei digitale nomadane spør jamnleg etter dette, men ein stad å kople av er godt for alle, og å sleppe å prate, vere saman i stilla. Også det er ein eigenskap og ein verdi vi ber med oss i Bjørkedalen som vi er i ferd med å gløyme. Langs setrevegar har vi mange stadnamn der det var kvile. Her sette ein seg rett og slett ned for å kvile, visste at kroppen trong det. Også benkar langs riksvegar og mjølkebukkar var slike naturlege kvile, ein snakka ikkje stort med kvarandre, berre var, saman, eller kvar for seg, eller åleine. Ein verdi vel verd å hugse.
