bli medlem
Her kan du melde deg inn gratis. Vi er takksame for at du støttar. Du kan når som helst melde deg ut. Når og viss det blir aktuelt med medlemskontingent, blir du automatisk utmeld dersom du ikkje samtykkjer til nye vilkår.
Inga aldersgrense, og pass på at alle i husstanden melder seg inn, vi treng mange støttemedlemer. Alle er velkomne som medlem, bygdefolk og folk utanifrå.

Personleg informasjon vert ikkje gjeve vidare utan at det vert spurt spesifikt om samtykkje.
Ditt medlemsskap er god støtte til Verdiskulen​​
Som takk får du i tre månader gratis kaffi og te i den sjølvbetjente kafeen når vi eingong får opna. Pluss fri tilgang til coworkingrom og alt anna i den første månaden.
Vi vågar ikkje å seie nokon dato, men det skjer.
Vi er i ferd med å søkje om støtte frå forskjellige fond for å setje i stand romma i tredje etasje.
Tanken er at lokala som vert stilte til disposisjon, let menneske i ulike aldrar, samfunnslag, yrke osv møtast, vil det skje nye nettverk, idear, sosiale band og venskap på tvers.
​
I dag i verda har det vorte slik at vi vel oss ut folk som liknar oss sjølve.
I Bjørkedalen har alle støtt forstått at vi uansett treng kvarandre, alle. Og vi treng ulikheitene.
Det er det som er verdien i eit fellesskap, og det er denne verdien vi vil halde levande.
Verdiskulen byggjer på det andre bygdefolk har skapt og halde vedlike. Dugnadsånd, foreningsliv og dei mange som stille held hjula i gang.
Verdiskulen er ikkje ei erstatning, men eit tillegg.
​
Vi har fått støtte av kraftfondet i Volda kommune til innkjøp av monitorar ol. Dei digitale nomadane i Moritgsarden har vore til stor hjelp, og dei ivrar veldig på å opne, slik at dei kan møte bygdefolk. Dei tykkjer at dette er eit fantastisk prosjekt, og det kan det bli.
Men vi treng medlemer.
Medlemsskap gjev mange fordeler, mellom anna får alle under 22 år bruke coworkingromma gratis.
Andre medlemer betaler ein symbolsk sum. Inntektene skal ikkje kome frå bygdefolk, men frå utleige til firma, seminar og frå støtte utanifrå.
Men enn så lenge har vi ikkje anna å tilby enn takksemd for at du viser støtte ved å bli medlem. Og eit ynskje om å gje attende etterkvart.