
møtast
visjonen vår
Vi er ikkje eldsjeler, vi er berre lei oss på vegne av Bjørkedalen og alle bygder som vert gløymde, neglisjerte, ja jamvel motarbeidde og alltid utan at ein heilt greier å setje fingeren på korleis.
Å kjempe mot byråkrati eller bygdedyret som vaknar i alle sovande bygder, er ikkje liv laga.
Derfor har vi prøvd å gjere ting annleis.
Verdiskulen er del 2 av ein regissert plan.
Det fyrste var å skape Moritsgarden til ein oase for digitale nomadar.
Det har vi klart.
No er det på tide å la desse menneska få revitalisere oss. Dei sit på enorme kunnskapar.
Men det er vi som eig noko dei manglar, verdiane ved samfunn.
Med å opne Verdiskulen vil vi lage menneskemøte bygdefolk imellom, møte med grannebygder, med kommunesentra, men næringsliv og kulturliv, og midt oppe i dette, la dei digitale nomadane og folk som vil leige seg ei hytte i Bjørkedalen og vere på Workation, finne ein samlingsplass.
Men viktigast av alt er det at vi kan treffe bygdefolk, uformelt slik det var på buda før, stikke innom for å ta ein kaffi, berre sjå kven som er der, ta med datamaskina og gjere litt arbeid om vi vil, eller berre sitje å lese ei bok. Og på loftet vert det vevstolar, omsaum og anna kjekt.
Viktigast er det kanskje at med å lage eit slikt fleksibelt hus, kan foreldre ta seg ein kveldstur, ta med ungdomane eller barn og slik kan dei unge i Bjørkedalen og bygdene omkring ha ein møteplas som ikkje er organisert - og foreldra har noko å styre med så dei ikkje organiserer for mykje.
Einsemda på bygdene er kan hende større enn vi har tenkt over, og det å lage ein møteplass for ungdomen er så utruleg viktig no som dei er færre og det vert vanskeleg å møtast utanom skuletid.
Tanken er at lokala som vert stilte til disposisjon, let menneske i ulike aldrar, samfunnslag, yrke osv møtast. Då vil det impulsivt og med opningar til kommunikasjon ein elles ville gått glipp av, bli skapt nye nettverk, idear, sosiale band og venskap på tvers.
I dag i verda har det vorte slik at vi vel oss ut folk som liknar oss sjølve.
I Bjørkedalen har alle støtt forstått at vi uansett treng kvarandre, alle. Og vi treng ulikheitene.
Det er det som er verdien i eit fellesskap, og det er denne verdien vi vil halde levande.
Etableringa av Verdiskulen skjer ikkje ut av eit vakuum. Ho veks fram av mold som alt er rik på liv: dugnadsånda, foreiningsarbeidet, fellesskapen som ber bygda gjennom årstidene. Dette er ikkje eit brot med det som er - det er eit tillegg, eit nytt lag av liv, bygd på det gamle.
Og her er litt meir om korleis vi tenkjer oss bruken:
På loftet vert det ved sidan av gjenbruksromet også meditasjonsrom med litt yogautstyr.
I tillegg vil vi ha playstation, storskjermar for film og ikkje minst den sjølvbetjente kafeen der det også vert bokbytte. Gymsalen vert fleirbruksrom til møte, seinar, kurs. Monitorar og møteutstyr, men her kan og verte konfirmasjonar og filmvisning eller små bygdemesser om ein vil.
Alle lag og organisasjonar i bygda får sjølvsagt bruke skulen til møte og samlingar vederlagsfritt.
I klasseromma vert det såkalla coworking. Vi har fått støtte av kraftfondet i Volda kommune til innkjøp av monitorar ol. Dei digitale nomadane i Moritsgarden har vore til stor hjelp, og dei ivrar veldig på å opne, slik at dei kan møte bygdefolk. Dei tykkjer at dette er eit fantastisk prosjekt, og det kan det bli.
Men vi treng medlemer. Og har du lyst til å vere med på å utvikle Verdiskulen Bygdelagsforeining, er vi takksame for kvar minste ting, ja berre ei positiv tilbakemelding betyr alt. La oss utvikle oss, på tvers, vi treng forskjellane. Vi treng møtestadene, vi treng å ta vare på det å høyre saman, utanfor.